-The best Olympic ever. Omtrent slik sa han det, Juan Antonio Samaranch, etter Lillehammer OL. Festivalkomiteen bak Fitjar Festivalen i år legg på same måte opp til den beste Fitjar Festivalen nokonsinne. 

Med band som «Dance with å stranger» pluss andre band med internasjonal suksess (enno ikkje heilt avklart), songgruppa «Shakles» og barne-TV-kjendisen Asgeir, i tillegg til  ei rekkje andre, spennande tiltak, vonar arrangørane på skikkeleg folkefest på Fitjar 19.-22. august i år.

Det var på ei samling for næringslivet og potensielle sponsorar at Ole Bergesen på vegner av festivalstyret presenterte eit svært spennande festivalprogram. Eit festivalprogram ein allereie trygt kan seie er unikt i Fitjar si festivalhistorie.

Bergesen la ikkje skjul på at komiteen har henta mykje inspirasjon frå Tysnes sin eventyrlege suksess på denne fronten dei siste åra. Frå eit besøkstal på 2000 i 2007 (som eigentleg er bra) kunne dei skilta med 13 400 på Tysnesfestivalen i fjor.

-No vonar me at jubileumsåret kan vera starten på ein skikkeleg folketilstrøyming til FItjar Festivalen som syner seg i ein heilt ny innpakking allereie frå i år.

Det heile tjuvstartar om kvelden torsdag 19. august med ein storstilt kulturkveld med lokale aktørar i Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Frå fredag til søndag vil det vidare vera bodgate i sentrum med sal av produkt frå lokale produsentar.

Den offisielle starten på Fitjar Festivalen vert elles fredag 20. august. Då vert det gratis jubileumskake til alle i sentrum etter at ordføraren har opna det heile. Rundt opninga vert det eit lokalt program. 

I Kultursalen vert det ungdomsfest med finale på «Fitjar got talent» og Diskotek. Truleg vert og Shackles med her. (Om ikkje dei vert med på festivalopninga). For dei som likar tyrolarmusikk er Fitjar Fjordhotell rette staden litt ut på kvelden. Då trør nemlig «Tiroler Blas Music Kapelle» til der.

Laurdagen startar med den tradisjonelle Fiskefestivalen. Kl. 14.00 vert det familieshow ved Asgeir og lokalt barnekor. Artistar frå «Fitjar got talent» får òg syna seg fram her. Om kvelden vert det så utekonsert for alle i sentrum med Dance with a stranger, før det vert livemusikk med dans både i Kultursalen og på hotellet.

På søndagen vonar ein å få til ei utegudsteneste på Smedholmen, om det lar seg gjere. Elles snakkar ein om veteranbilkortesje, stort lunsjbord i sentrum og stor auksjon denne dagen.

-Alt er likevel ikkje fastlåst enno. Me har mykje anna på papiret òg. Me satsar ikkje livet, men me satsar ganske stort for å få dette til, sa Ole Bergesen, til slutt.