På garden til Lars Ove Rimmereid var dei travelt opptekne med potetopptak i dag.

Veret i dag med 12 grader frå morgonen av var ypperleg for innhausting, seier grunneigar Lars Ove Rimmereid. Saman med Lars Dalen, Kristian Skumsnes, Bård Inge Sørfonn og Torfinn Dalen har han eit åkerland på fem mål med poteter som høver til haust- og vinterlagring. Potetopptakaren gjekk att og fram langs dei lange fòrene på 150 meter og grov fram store, faste og fine poteter av sorten Laila. Desse held seg godt utetter hausten fram til jul. Seinare skal siste del av åkeren haustast. Det er poteter av sortane Troll og Kerrs Pink som er gode vinterpoteter. Fem karar stod bak på opptakaren for å følgje med når potetene trilla fram på samlebandet. Dei måtte blant anna plukke vekk stein som følgjer med. Bård Inge Sørfonn køyrde traktoren og Lars Ove sin far, Olav Rimmereid hjelpte til med transport heim til potetkjellaren med gode lagringstilhøve. Lars Ove fortel at kvar for gir ei avling på cirka 700 kilo. Mykje av avlinga vert selt lokalt til private og butikkar, til dømes  Spar Fitjar. Elles tek Håkon Hovstad med seg poteter til sals på torvet på Os. Sju til tjue dagar før innhausting vert potetlauvet sprøyta med Reglone og liksom svidd av. Ved den metoden hindrar ein smitte i tilfelle tørr-råte. Det vert sprøyta mot tørr-råte fleire gonger i vekstperioden. Første tida etter innhausting skal potetene ligge og slå frå seg. Seinare er det tid for å sortere og pakke, og det arbeidet tek mest tid, meiner Lars Ove. Då møtest bøndene i potetkjellaren ein kveld i veka.    

I midten av juli starta innhausting av tidlegpoteter ved namn Berber. Det vart avling på 2500 kilo, får me vite i det me seier takk for praten.

Ingressbilete ved Turid Sandvik: Store og fine poteter.