Blåbæra har vore modne i låglandet ei god stund no, så ynskjer ein å nyta dei blå godsakene frå skogen er det på høg tid å ta fram blåbærplukkaren.

Sjølv om mange allereie har vore på blåbærtur, er det ikkje ferdigplukka i skogbotnane våre enno, men ein må kanskje koma seg litt vekk frå allfarveg dersom ein vil finna meir enn ei handfull av dei blå godsakene. 

Blåbær kan brukast på mange ulike vis, som smoothie, i ulike bakverk, ein kan eta dei med mjølk og sukker på eller laga saft eller syltetøy av dei. Oppskrifter finn ein i fleng på nettet.

Etter ein rask blåbærtur i skogen på Rimbareid, gjekk dei to blåbærplukkarane Marte og Sofie Rimmereid for å laga ein god blåbærpai. Men først måtte bæra reinsast, og har ein plukka med bærplukkar kan det vera litt av ein jobb, men denne dagen var ikkje fangsten større enn at reinsejobben var godt overkomeleg.

Det er mange ulike oppskrifter på blåbærpai. Jentene tok utgangspunkt i ei enkel oppskrift på paibotn som dei fann på nettet. Etter at paien var steikt fylte dei den med blåbær og dryste over over litt potetmjøl og sukker. Og for å gjera paien endå litt bedre hadde dei på litt vaniljesaus før paien fekk nokre minutt til i steikomnen.

Servert med is fekk blåbærpaien raskt bein og gå på og i skrivande stund finnes det ikkje ein smule att…