Etter ein lang og vonleg god juleferie vert du og alle sambygdingar oppfordra til å delta på årets store juletrefest søndag 5. januar.

I ein samtale med primus motor for det store arrangementet, Ole Bergesen, får me vite at programmet høver for alle aldrar.
Lokale utøvarar deltek med song og musikk: Silje Rydland, Ingrid Skår Bergesen og Ole André Westerheim. Elles får me og høyre  Karine Lillenes med band og Runar Thor Gudmundsson.

Ordførar Wenche Tislevoll kjem med ei nyttårshelsing, og sjølvsagt vert det høve til å kjøpe pølser, brus, kaffi og kaker. Mange og flotte gevinstar frå næringslivet skal trekkjast når åresalet er unnagjort. 
Rundt det store juletreet som når heilt i taket, er det plass til alle som vil vere med å synge kjente og kjære julesongar under leiing av Tom Rydland og med musikk  av Fitjar skulekorps. Som vanleg dukkar nissen opp med små gåver til alle born under ungdomsskulealder.

Ole Bergesen understrekar at alle er hjarteleg velkomne og det er gratis inngang.Festen tek til klokka 15.00.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Kultur- og idrettsbygget og Frivilligsentralen med mange dugnadsvillige medhjelparar, blant anna frå fotballgruppa.