Tiåringane til Fitjar måtte tola tap 9-16 mot Nore Neset på heimebane i dag.

Nore Neset kom best i gang i kampen, og Fitjar-gutane blei eit lite nummer for små. Gjestene stilte med med fleire imponerande gode spelarar. Lyspunkt på Fitjar var fem scoringar ved Jakob Rolfsnes og fire ved Ronny Børtveit. Elles skal laget ha ros for at dei aldri gav opp, mot ein god motstandar.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Jens Øien Kloster
Jakob Rolfsnes (5)
Kristian Træet
Johannes Sandvik
Ronny Børtveit (4)
Nikolai A. Halleråker