Måndag var tiandeklassingane på teater. Vitja Den Nationale Scene i Bergen. Hovudpoenget var at dei skulle få oppleva eit profesjonelt, stort teater med flotte kulissar, balkongar – og proffe skodespelarar og sceneskifte. Stykket dei såg, "Falne engler" av Gunnar Stålesen, var det delte meiningar om mellom elevane: Alt i frå kjempebra til kjedeleg. Men sjølve teateropplevinga sette alle pris på. Nokre av gutane blei rett og slett litt inspirerte av høflege, pentkledde bergensarar av den eldre, fine garde, og sa etterpå: "Eg trur eg vil kle meg litt penere neste gang eg skal på teateret.", sjølv om dei slett ikkje var sjuskete kledd, når dei var der.