Terje Træet manøvrerer tømmerlekteren inn mot kaien til Engevik & Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Prosjekt fjerning av sitkagran i Fitjarøyane kom i gang i 2010, og i år blir det sett sluttstrek for prosjektet i si noverande form. Men Miljødirektoratet vil støtta tiltak i Fitjarøyane i framtida også.

Aase Nøttveit har følgt prosjektet sidan planlegginga starta i 2009, og fortel at Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har stått for prosjektleiinga heile vegen. Slik blir det ikkje etter at det noverande prosjektet er ferdig ved utgangen av 2020, men det vil likevel vera råd å få støtte til å fjerna sitkagran i Fitjarøyane, understrekar ho.

Aase Nøttveit tok på seg hjelmen og kasta seg på sykkelen då tømmerlekteren til Waage Anlegg nærma seg kaien til Engevik & Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Kystlynghei – ein truga naturlandskapstype

Kystlyngheilandskapet er skapt av kystgardane, som gjennom fleire tusen år har brukt lyng som beite for dyra om vinteren. Kystlyngheia består blant anna av røsslyng, som er den mest næringsrike lyngplanta. Gjennom beiting og sviing har desse heiane blitt haldne ved like gjennom generasjonar.

Direktoratet for naturforvalting ser på kystlyngheiane i Fitjar som eitt av to særskilt verdifulle lyngheiområde i Hordaland. Det unike på Fitjar er at det er eit stort samanhengande lyngheilandskap med få inngrep, og i eit aktivt miljø. Dette landskapet krev skjøtsel, og det er drift ved mange av kystgardane her i området.

Bakgrunnen for prosjektet «Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane» er at kulturlandskapet i Fitjarøyane har endra seg mykje dei siste 50-60-åra på grunn av sitkagranplantinga som skjedde frå 50-talet og utover. Grantrea held på å konkurrera ut dei unike lyngheiene mange stader, og i dag ser ein på granplantinga som ei feilplanting.

Grunneigar Ole Petter Koppang under sviing på Straumøyo. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Skal kystlynghei som kulturlandskapstype overleva, må sitkagrana vekk. Heiane må nyttast til beite, og tradisjonen med sviing må vidareførast. Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor understrekar at grunneigarane som får støtte til prosjektet, forpliktar seg til å halda sitkagrana vekke.

– Målet er levande kystlyngheiar, og då må landskapet opnast, seier kystlandskapspleiar Lars Helge Siglen i ein kommentar til Fitjarposten.

For å unngå at grana kjem tilbake har han rundt 100 spelsau og utegangarsmale gåande. Dei et opp skota etter kvart, slik at det ikkje veks opp sitkagran på nytt.

Skal prosjektet lukkast, er grunneigarane heilt avhengige av desse landskapspleiarane. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

– Ver vaken, det er framleis råd å få hjelp med sitkagrana!

Under leiing av Aase Nøttveit blei prosjektplanen blei utarbeidd i 2009/2010, på bestilling frå Interesselaget for næringsutvikling i Fitjar og Brandasund. Med seg i plangruppa hadde ho Ole Kristian Trondsen i tillegg til representantar for grunneigarane, interesselaget, fylkesmannen i Hordaland og folk med skogkompetanse.

Så langt har dei ha brukt 1,280 000 kroner på fjerning av sitkagran, pengar som dei har fått frå Miljødirektoratet. Og før året er omme, reknar ho med å få endå ein halv million til formålet.

Sluttrapport for prosjektet er ikkje laga enno, men sluttstrek for dette prosjektet blir sett ved utgangen av året. Aase Nøttveit fortel at Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor ikkje vil kunna stå for prosjektleiing av nye prosjekt. Men ho understrekar at Miljødirektoratet vil støtta tiltak mot sitkagran i Fitjarøyane i framtida også. Ho oppmodar derfor folk grunneigarar om å vera vakne:

– Det er framleis råd å få økonomisk støtte til arbeid mot sitkagran i Fitjarøyane!

Terje Træet manøvrerer tømmerlekteren inn til kai ved Endevik & Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Me tek gjerne meir sitkagran!

Waage Anlegg er leigd inn for å fella sitkagran og frakta tømmer inn til Fitar i 2020. I desse dagar arbeider dei med å gjera seg ferdige på Flatholmen og Skatholmen.

Dei har arbeidd i mange år for prosjektet, men lenge tok dei berre tømmerfrakt med lekteren sin frå øyane inn til kaien i Årskog. På lekteren har dei plass til rund 100 kubikkmeter tømmer. På Flatholmen og Skatholmen har dei oppdraget med å hogga resten av sitkagrana også.

Inge Andreas Waage fortel at dei ikkje har fleire tømmeroppdrag i augneblinken, men han understrekar at dei er interesserte i meir. Dei har etter kvart blitt godt utstyrte for slike oppdrag, understrekar Waage.

Firmaet har Waage Anlegg har ti tilsette, som hovudsakleg arbeider med grunnarbeid. Dei har i mange år teke oppdrag i Fitjarøyane med den store lekteren sin, mudring, betongarbeid og flytting av maskinar. Etter at dei bygde om tømmerkrana på lekteren, er dei spesialutstyrte for skogsarbeid i øyane.

– Me tek gjerne meir sitkagran! smiler Inge Andreas Waage.

Andreas Østergaard lesser tømmer på Flatholmen. Foto: Waage Anlegg.