R&B/Gospel & Soul-verket ”The River” av Martin Alfsen vert lørdag kl. 19.30 framført i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. "Kor-90", solistar, eit åtte manns stort orkester og artistane Inger Lise Rypdal og Knut Anders Sørum, vil framføre verket.

– Vi legg opp til ein god og lun tone – nesten ei klubbstemning, som vil passe sjangaren godt med småprat og korte presentasjonar innimellom låtane, heiter det i pressemeldinga, som vidare fortel at verket har musikalske ingrediensar frå 90-talet sin gospel & soulmusikk der fleire gospelsjangrar er representert.

Verket, som varer ein time, er elles inspirert av tradisjonen av Afro-Amerikanske songar, opprinneleg frå Sør-statane i USA; negro spirituals, blues og gospelsongar som har lagt det musikalske grunnlaget for så mykje av popmusikken i dag.  I dei orginale spiritualsongane er det mange referansar til elven – ”The River” på Bibelsk vis; “the river of Jordan”, symboliserer fleire ting, m.a. den reinsende krafta av evangeliet gjennom dåpen, også vegen til paradiset der det er eit land av mjølk og honning.

Kor-90 fra Oppland er eit av Noreg sine mest allsidige korensemble. Dei har spilt på Norsk TV ved fleire høve.