Bandet The Revivals feirar sine første 10 år med stor jubileumskonsert og show på Fitjar Fjordhotell laurdag 29. oktober.

– Berre gå etter lyden, seier frontfigur Sigurd André Maraas i The Revivals når han inviterer oss på øving ein mørk og regntung kveld i oktober. Og når me nærmar oss Liarbøgarden, er ikkje lyden til å ta feil av. Her tonar Creedeence-låtar ut i regnet, så her må det vera The Revivals øver!

Og lyden er absolutt eigna til å varma eit forblåst og regntungt sinn denne mørke haustkvelden. Inne i kjellaren er bandet i full gang med øving før den store jubileumskonserten neste helg. Ein glad vokalist og gitarist, Sigurd André Maraas, presenterer dei fire andre medlemmene i «boybandet»: Bjarte Maraas på gitar, Bjørn Kristian Heggøy på bass, Ansgar Helland på trommer og Rebecca Alsaker på vokal.

Alle tidlegere medlemmer er inviterte, fortel Sigurd André Maraas, og blant dei som har sagt frå at dei kjem, er dei tidlegare vokalistane Audun Sætre, Linda Kristin Gram og Ingvar Torvund. Det blir og jobba med fleire namn, men alt er ikkje avklart enno.

I høve det store jubileet reknar The Revivals med å fylla Fitjar Fjordhotell laurdag 29. oktober. Dørene opnar klokka 20.00, og showet startar ca. klokka 21.30.  Billettpris er 150 kr, og det blir ei ekstra påskjøning til dei femti første betalande. Dei får ei «skamstilig» T-skjorte med på billetten, – og er du skikkeleg heldig, så kan du få autograf òg, lovar Sigurd André. Han minner om at aldersgrensa er 20 år, og at det kan vera lurt å komma tidleg for å få gode plassar og for å få heile kvelden med seg.

Etter at The Revivals starta opp i 2001, har dei blitt godt kjende i distriktet. Både Fitjar, Stord, Bømlo, Os, Halsnøy, Ølen og Tysnes har hatt besøk av det populære orkesteret, som har John Fogerty og Creedence som den «gylne tråd». Dei har alt frå rock’n roll til country rock på repertoaret, og publikum kan nok rekna med å høyra innslag med Elvis og andre gamle heltar.

Når The Revivals kjem på scenen, så blir det «bånn gass» med kjente og kjære låtar. Sigurd André Marås seier til Fitjarposten at dei som alltid lovar å ta ut alt på scenen. Så her gjeld det tydelegvis å vera tidleg ute!

Omtale av konserten kan du lesa på nettsida til Fitjar Fjordhotell: