Frå bedriftsbesøk tidleg på morgonen til andakt på KRIK langt ut på kvelden. Det var ein lang, men innhaldsrik dag for biskopen, den tredje dagen under visitasen.

Første stopp var hos Fitjar Mekaniske Verksted, der biskopen fekk høyre om både bedrifta og den tragiske situasjonen dei opplevde nyleg. Så var det Bakken barnehage, soknerådbarnehagen. Ikkje berre trivst Hagesæther svært godt med barn. Han gav òg overfor fitjarposten.no utrykk for at han var svært imponert over arbeidet dei driv her. Det vart han òg, på ein annan måte, hos Vik-Sandvik AS, der han fekk vite korleis firmaet frå starten med to mann i 1975, er blitt til det verdskjende firmaet det er i dag.

Der etter bar det med båt til Hanøy, med Knut Berge Aarbø som båtførar, etter at  Aase Nøttveit hadde gjeve biskopen med følgje ei orientering om Fitjar og øyane. I det nydelege vêret var det ein nydeleg tur gjennom fitjarskjergarden, og biskopen sette òg stor pris på å få møte det vakre kystkulturlandskapet i Hanøy som er teken så vel vare på. Her serverte kyrkjelydsprest Nobu tempura, ein fritert, innbakt rett, med mellom anna fisk og crabsticks, ris, soyasaus og ingefær som ingredienser.

Så var det strake vegen mot Fitjar og den store kyrkjelydsfesten. Ein fest som også denne gongen synte at Fitjar har eit svært rikt kulturliv.

Så vart det òg ein rik og flott kveld. Det mest gledelege denne gongen var Fitjar barnegospel, parodien til Harald Johan Sandvik, dei gode orda frå biskop Hagesæther og at folket møtte så fulltallig fram. Utstillinga av messehaglar og gamle bøker i foajèen, likte me òg svært godt.

På KRIK etter konserten held biskopen ein kort, fin andakt, og fekk god kontakt med ungdommane.

Biskopen er no reist heim til Bergen, men kjem sjølvsagt tilbake til visitasgudstenesta søndag.