227 personar fekk oppleva ein Odd Nordstoga med både glimt og alvor då han gjesta Fitjar fredag. Og at blandinga fall i god jord, vitna den ståande applausen om.

Odd Nordstoga, kjend frå radio og fjernsyn, kom på eiga hand, væpna med eit knippe songar, trekkspel, munnspel og ein gitar , samt ein uhøgtidleg tone. Alt frå dei første akkordane, var kontakten med publikum der også. Når han ganske i starten kjem med utsagn som at han aldri vil bli ein hardangerviddevariant av Julio Iglesias, skjønar ein at dette er ein kar som ikkje tek seg sjølv altfor høgtidleg.

Det er ikkje alle songar Nordstoga har som er like store slagerar, men når dei kjem frå denne karen frå Vinje, kjennest dei det så ærlege og ekte ut at dei ikkje skil seg nemneverdig frå dei me har høyrt mange gonger tidlegare. I denne nedstrippa konsertvarianten lyt han lita på låtmaterialet han har med seg. Og det held. Ispedd stubbar som leia fram til neste song, anten det er om ein fest baki ein Volvo i Rauland, livet som lærarstudent i Bergen eller dei eldre i Vinje som ventar på posten, manøvrerte Nordstoga publikum innom dei kjende songane, som «Kveldssong for deg og med», «Min eigen song», «Bestevenn», «Ein farfar i livet» og «Frøken Franzen». Andre songar var meir ukjende (i alle fall for underteikna), som «Angelica», «Dagane» og framsynginga av barneboka «Eg og Pontus går i land» i rein Knutsen og Ludvigsen-stil. Men det gjorde ingenting; det får skrivast på kontoen for vaksenopplæring.

Sjølv om konserten var tett oppunder jul, var det ingen julekonsert, utover at det heile blei runda av med adventsalmen «Opp, gledes alle, gledest no», av somme halde for å vera det beste nummeret denne kvelden.

 

Allsidig på eigne premissar

Nordstoga har  eit stort spenn i repertoaret sitt, både i innhald og målgruppe, og etter konserten fortalte han at det er noko han likar og ønskjer.

– Variasjon og dynamikk har eg med meg frå folketradisjonen. Når det blir for mykje alvor, er det fint å bryta opp med noko lettare. Då får eg inn litt liv, og eg håpar publikum opplever det som bra.

Å vera på tur åleine, slik Nordstoga er i desse dagar, er både frigjerande og skummelt, erkjenner han. På den eine sida er det lettare å komme seg rundt når ein berre har seg sjølv å tenkja på, samt at Nordstoga opplever konsertane som meir jordnære og upretensiøse. Men: – Når ein kjem ut av det, kan ein ikkje lita på andre. Då stoggar musikken heilt opp.

Nordstoga likar å gjera ulike ting, men vaktar seg vel for å gjera for mykje «anna», som fjernsynsprogram og samarbeid på tvers av sjangerar. Sjølv om han har samarbeidd med Klovner i kamp og latt seg sample av Kaveh, vil han ikkje ta for store steg bort frå det han held på med sjølv.

– Eg må halda på med mitt eige. Eg har ein kunstnarleg agenda eg må halda meg til og vera tru mot.

Med den gode responsen frå salen fredag, verkar det som ein fornuftig veg å gå.