Et ternepar på steinmoloen i Havn. Foto: Bjørg Strømme

Fleire i år enn i fjor.

I Havn i Fitjar er det omlag åtte par makrellterner (Sterna hirundo) for tida, mot berre to-tre par i fjor. Før det blei gjort store innhogg med utbygging i naturen langs strandsona i Havn, var det mange fleire terner å sjå her.

Åtte par er ikkje mange, men dei er her! Vi høyrer og ser dei godt med sine kjende ”kriande” skrik, og sine elegante fluktrørsler i lufta rett over hovudet  på oss. Dei er nokre skikkelege luftas akrobatar. Kjem du for nær dei, blir dei endå meir nærgåande, stupar rett i mot deg og svingar vekk. Dei er nokre elegante fascinerande små hissigproppar, som passar seg og sitt.

Når dei skal ta småfisk, står dei stille i lufta, med vibrerande vinger og stjert i nokre sekund, siktar inn byttet sitt og  stupar i sjøen. Det er eit flott syn!

Makrellterna er ein trekkfugl, som for det meste av tida oppheld seg i Sør-Europa. Ho kjem hit i april-mai for å hekka. Ho returnerer  til gode og varme Sør-Europa ein gong i august.

Raudnebbterna (Sterna paradisaea) er ei slektning av makrellterna. Ho har lengst trekk-strekning. Om vinteren held ho til i havområda rundt Antarktis. Det er langt å pendla for ein liten fugl.

I media har ein kunna lesa om sjøfuglanes vanskelege tilhøve langs norskekysten. Livsgrunnlaget deira er ute av balanse. Hardt fiske etter tobis og annan fisk i havet, kombinert med klimaendringane, får alvorlege konsekvensar for alle sjøfuglane våre, og for fuglelivet elles mellom holmar og skjer. Plukking av egg, plyndring frå mink og uro av båttrafikk, er også faktorar som reduserer fuglanes hekke-suksess.

På islandsk heiter terna ”kriu”. Eg syns det passar godt til  fuglen sine ”kriande” skrik.

Saman med den elegante flukta gjer dette terna til eit skikkeleg flott sommar-eventyr!

Et ternepar på steinmoloen i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Ternen gjør vingestrekk. Foto: Bjørg Strømme
Ternen gjør vingestrekk. Foto: Bjørg Strømme
Terner på flytebryggen i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Terner på flytebryggen i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Tre par terner på berget i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Tre par terner på berget i Havn. Foto: Bjørg Strømme