Terje LIverød som i mange år har drive med misjon og kyrkjelydsplanting i Afrika, kjem til Fitjar førstkomande fredag.

-Liverød Han har starta mange kyrkjelydar og bibelskular i mellom  Mali, Niger og Nigeria. Han leiar organisasjonen «World Outreach Mission» som er involvert i mange muslimske land. Terje har også starta menigheten Livskraft Norge, og ein bibelskule i Tønsberg.

Særleg har han brukt mykje tid til å nå muslimske stammer i Mail, Niger, Mauritania og Nord-Nigeria med evangeliet. Når Terje og folka hans kjem til ein landsby for fyrste gong, brukar han helbredelse som middel for å nå folket. Han ber leiarane om lov til å helbreda dei sjuke, og som oftast strøymer det til med sjuke som får oppleve Guds helbredande kraft. Det skaper opning for evangeliet.

Også i Norge opplever Terje at folk vert helbreda på møte og elles.  Fredag vert det møte på Fitjartun. Laurdag og søndag vert det møte på Solidhuset på Nysæter/Sagvåg.Terje har med eit ungdomsteam på turen, heiter det mellom anna i ei pressemelding frå  leiar for Menigheten Nytt Liv Sunnhordland, Frank Håvik.