Tentreff startar førstkomande laurdag opp igjen på Fitjar bedehus. Samstundes utlyser dei ein namnekonkurranse.

– Tidspunktet er framleis  frå klokka 20 til 22, og det blir andakt og song med både forsongarar og husorkester/band, fortel Kjerstin Stokken, som vonar at folk som likar å spele eller syngje vil vera med på dette!

I tillegg blir det spel, bordtennis, kiosk med kioskvarer og pizza, med meir.

Me så: – Me vil gjerne at ’TenTreff’ skal få eit nytt namn. Har nokon eit forslag til kva dette tilbodet på bedehuset kan heitte for ungdommar frå 8.klasse og oppover til litt etter ungdomsskulen, vil vi gjerne at dei sender det til mailadresse: tentreff@gmail.com innan fredag midnatt.

Vinnaren blir kåra førstkomande laurdag( 18.september), og vil få gratis kiosk tre gonger.

Laurdagskveldane på bedehuset blir annankvar laurdag (oddetalsvekene).

Leiarar er mellom anna Bård Inge Sørfonn, Johannes Olsen og Kjerstin Stokken.