Fitjar Ten Sing er klare for førestilling i kultursalen, i morgon, fredag 30. mai klokka 1900.

I vår har ungdommane etter øvingane skrive, øvd og drive fram eit drama som kombinerar korsong, solosong, dans og drama. Stykket heiter: That's what friends are for…

Handlinga er henta frå ein tenkt skuleplass der to gjengar rivaliserar. Her er konflikt og kjærleik, mobbing og vennskap, kjente songar, ungdom, talent…

Kom, sjå og høyr Ten Sing i Kulturhuset, i morgon, fredag klokka 1900. Vaksne kr 100,- og barn kr 50,-.