Dei nye Tenorane er tilbake med julekonsert,og 11. desember kan me høyra dei i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

I år får dei musikalsk drahjelp av den gode Steffen Horn. Saman med tenorane Henrik Hundsnes frå Tysvær, Aasmund Kaldestad frå Stord og nordtrønderen Ola-Marius Ryan, har han sett saman eit variert musikalsk program.

– Me har fleire godbitar på programmet i år, seier Hundsnes. – I tillegg til dei meir kjente julesongane, som ”O helga natt” og ”Stille natt”, byr me i år på nye norske (nynorske) versjonar av vakre songar, fortset han.

– Min gode far, Per Olav, har gjendikta den vakre irske folkesongen ”O danny boy” til ”Min kjære gut”, i tillegg har Arnt Birkedal sett nye ord til ”Happy Xmas – War is over” av Lennon/Ono som har blitt til ”God jul! (freden bryt ut), legg Aasmund Kaldestad til.

Sidan Sjur Hjeltnes ikkje er med Tenorane i år, blir det fokus på det musikalske, då få kan måle seg med hans humoristiske kvalitetar, men det er ingen novise som inntar plassen hans.

Steffen Horn, som med spesialpris i Smetana-konkurransen i Tsjekkia, fem kritikarroste plateutgjevingar og ikkje minst London-debuten i Wigmore Hall, har han markert seg som konsertpianist av internasjonalt format. I denne konserten kan du òg høyre han syngje, og kanskje tar han eit par dansesteg også?

– Han kjem nok til å prate litt óg, for me har ikkje gitt han munnbind, smiler Hundsnes.

– Me oppfordrar alle til å legge stress og mas heime, og la sjela bli fylt med strålande juletonar, legg Kaldestad til.

– Eller for å sitere Birkedals gjendikting av Lennon/Ono låta med «Dine nære og kjære – her er det duka for kos», avsluttar Hundsnes.