Dette er årets beste frukost, vart det sagt då Fitjar søndagsskule, tradisjon tru, inviterte til frukost og lystenning på Fitjar bedehus 1. søndag i advent. 

«No tenner vi det første lys, åleine må det stå. Vi ventar på det vesle barn, i krybba lagt på strå.» Med desse orda til Sigurd Muri tende Johannes Sandvik Bø det første adventslyset, før dei over 100 frammøtte nærast sprang til det store frukostbordet for å forsyna seg av herlegdomen der.

Maten var medbrakt til fellesen, og mykje god mat vart «skifta», så her kunne ein verkeleg takka for skiftet då ein var ferdig. Søndagsskulen stilte med kaffi, mjølk, te, juice og ikkje minst 25 liter kakao. Det var ikkje å undrast over at nokon kalla dette årets beste frukost.

Vesle Jon Olav Rimmereid på 3 1/2 storkoste seg på adventsfrokosten og drakk heile tre koppar med god kakao. Han deltok og impulsivt som forsongar saman med søndagsskulelærar Astrid K. Prestbø på søndagsskulesongen Bli med inn i Bibelen, som vart sunge før Solfrid S. Bø tok forsamlinga med til Jerusalem. «I Jerusalem» fekk ho ungane med seg til å illustrera inntoget på eselfolen, blinde som fekk synet att og Jesus som rydda tempelet. 

-Advenstfrokosten er eit høgdepunkt som me ser fram til kvart år og det ein fin start på adventstida, konkluderte ein mett småbarnspappa Steinar Vik, som har lang erfaring med å eta frukost på bedehuset første søndag i advent.

Ingressbilete: Johannes S. Bø hjelpte søndagsskulelærar Astrid K. Prestbø med å tenna det første lyset i adventsstaken. Foto: Helga Rimmereid