Josefine Brenne tende det første adventslyset under adventsfrukosten på Fitjar bedehus søndag føremiddag. Foto: Helga Rimmereid

Tende det første adventslyset

Over 90 personar starta adventstida med lystenning, felles frukost og søndagsskulesamling på Fitjar bedehuset søndag føremiddag.

Det var Fitjar søndagsskule som tradisjon tru inviterte til adventsfrukost på bedehuset. Dei som kom bidrog sjølv til eit overdådig frokoste bord. «Tenk både Nugatti og Sjokade», sa Magnus og smilte frå øyra til øyra, før han i djup konsentrasjon smurde det søte pålegget på skjevene sine.


Av alt det gode ein kunne finna på frokostbordet var det nugatti og sjokade som freista Magnus Vestbøstad mest. Foto: Helga Rimmereid

I tillegg til ein god, lang frokost, som for mange fungerte som lunch denne dagen, var det lystenning, adventssongar og søndagsskulesamling med Bibelforteljing.

 Sjølv om over 90 små og store var samla på bedehuset var det heilt knyst medan Torunn Aarskog synte bilete og fortalde historia om Elisabeth og Sakarja. Foto: Helga Rimmereid

Søndagsskulelærar Torunn Aarskog fortalde om Sakarja og Elisabeth som fekk sonen Johannes på sine eldre dagar. Johannes som skulle førebu folket på Jesus som skulle koma. Så fortalde ho den lydhøyra forsamlinga om lilla-fargen som me pyntar med til advent. Ho hadde med seg maling og spurde: Kva brukar me den blå fargen til? Ungane var raske med å svara; Til å mala himmel med. Så synte ho ei raud malingsflaska. Kva brukar me den raude fargen til? Ei jentene var snar med å svara: Mala hjerta. Ja, den raude fargen er kjærleiksfargen, og når me blandar dei to fargane, himmelfargen og kjærleiksfargen, kva får me då? Torunn synte forsamlinga kva som skjedde då ho blanda fargane i eit glas. Det vart til lilla ! Adventsfargen, ventefargen, den er ei blanding av himmel og kjærleik. Det kan me hugsa på no når me skal førebu oss til julefeiringa, avslutta den erfarne søndagsskulelæraren.


Torunn Aarskog viser at når ein blandar den blå himmelfargen med den raude kjærleiksfargen då får ein lilla. Foto: Helga Rimmereid 

Medan store og små, gode og mette, på kropsleg og åndeleg påfyll og med ein liten eller stor kakaobart rundt munnen forlot bedehuset, vart huset klartgjort for lysmesse. Men før den tid skal julegrana i sentrum tennast. Det er som alltid mykje å ta seg til på Fitjar 1. søndag i advent.