Det nystarta ten-treffet på Fitjar bedehus har no fått si eige heimeside.

Det er Kjerstin Stokken i leiarteamet til Ten-treff som stolt fortel om heimesida og at ten-treff og er å finna på facebook. Heimesida inneheld blant anna datoar for alle samlingane og Kjerstin gler seg over at det no er endå lettare for ungdomane å følgja med på det som skal skje og å spreia det vidare. Heimesida kan du sjå her. For å få tilgang til Facebook-sida må du vera registrert på Facebook.