Frå førstkomande onsdag til søndag vert det temaveke for heile familien på Fitjar Bedehus. Alle møta er i barnevenleg ettermiddagstid.

Bortsett frå søndagen, startar alle møta kl. 17:30, medan søndagsmøtet er lagt til kl. 16.00.

Onsdagen får ein besøk av Svein Bjarne Aase og ”SHINE” frå Leirvik. Torsdag kjem Marit Røen Andresen, og Fitjar Barnegospel syng. Fredag er det Marit H. Ådnanes og me får høyre, medan Ragnhild Nesse held andakt og «Liljene» syng for oss på laurdag. Søndag kjem Marit Røen Andresen tilbake.

Det vert gratis pølser til barna både onsdag, torsdag og fredag. Fredag blir det ”Klubben-grupper” for dei største etter møtesamling og mat. Laurdag blir det pizzasnurrar til alle, og søndag tar alle med seg kaffimat.

S-klubben, Barnegospel, Klubben og Søndagsskulen bidreg alle denne veka saman med Fitjar Indremisjon. Det vert òg sal av bøker, CD-ar og DVD-ar.