Harry Herstad innleia i kommunestyret onsdag om temaet kommunesamanslåing.

I Sundvolden-erklæringa er det sagt klårt at det skal koma ein kommunereform i nær framtid. Regjeringa har no sett ned eit ekspertutval som skal leggja føringar for prosessen. Dei ser på dei samla arbeidsoppgåvene til staten, fylkeskommunen og fylkesmannen, med tanke på ei total arbeidsfordeling i eit landskap med færre og større kommunar, som då får tilført nye og større oppgåver. Ein må endra på storleiken for å ha styrke til å handtera nye utfordringar.

Målet er at dei nye kommunane skal ha sterkare økonomi, større kompetanse, breiare tenestetilbod – og kunna godkjenna sjølv mange av dei sakene som no vert avgjort av fylkesmannen.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sett ned ei arbeidsgruppe der Wenche Tislevoll, Harry Herstad og Odd Harald Hovland er med. 7. mars vert det felles formannskapsmøte for Sunnhordland om temaet.

Målet der er å ta saka vidare lokalt og å finansiera ei utgreiing for Sunnhordland for å styrkja vurderingsgrunnlaget. Det er viktig at prosessen ikkje vert styrt frå Oslo, men vert forankra i eit arbeid som vert starta på lokalt nivå. Alt tyder på at mykje av førebuingane vil skje i denne stortingsperioden.

Etter Herstad si innleiing tok kommunestyret gruppearbeid på saka. Dei skulle ta stilling til – alvoret i saka – kva kommunar som bør gå saman – fordelar – hindringar – kva bør Fitjar gjera før samanslåing – korleis ivareta eit godt lokaldemokrati i ein større kommune?

Fitjar er den første kommunen i Sunnhordland som tar opp temaet i kommunestyret.