Eli Simonsen har sendt oss oversikt over temakveldane til hausten. 

 -Me vonar dette skal vere variert både med omsyn til musikk, aktørar og tema, skriv ho og nemner at dei dette året har vore så heldige å få ja hos Svein Tindberg. Han kjem ein søndag i september. Elles kan eg jo nemne ekteparet Nørsett: Bodil Kvernenes frå Fitjar saman med mannen som er pianist, seier ho.

 

I tilknyting til pianokonserten med Rune Alver jobbar ein med å få til ei kunstutstilling i kyrkja med Kjersti Willemse.