Jostein Ørum skal snakka om temaet "Hvem er vi når vi mislykkes."

Haustens temakveldar i Fitjar kyrkje opnar komande torsdag med besøk av prest og forfattar Jostein Ørum.

Eli Simonsen og temagruppa i Fitjar ser fram til å starta opp haustsemesteret. Førstemann ut er Jostein Ørum, prest og forfattar, som kjem til Fitjar torsdag 30. august.

Han skal snakka over temaet «Hvem er vi når vi mislykkes.» Det burde vera noko å henta for både ung og gammal.

Jostein Ørum er kjend for å finna nye vinklingar på ulike tema. Det er forfriskande å lesa andaktar og tekstgjennomgåingarsom han skriv i avisa Vårt Land. Han er fast spaltist avisa i tillegg til at han er frilansskribent.

Jostein Ørum er ein relativt ung mann, fødd i 1975. Han har vore prest i 15 år, m.a. familieprest i Landvik. I haust er han hovudprest i Storsalen i Oslo. Jostein Ørum bur i Grimstad med kone og fire barn. Han er forfattar av fleire bøker «Mitt umulige barn»,(2012),»Kjærlighetsarr» (2014), «De som så han» (2015), «To» (2016) og «Mens du er ung» (2018).

Kristian Prestbø kjem heim frå Kongshaug Musikkgymnas for å spela for oss, akkompagnert av Jan Overweg.

Velkommen til ein inspirerande kveld! skriv Eli Simonsen på vegner av temakveldgruppa i Fitjar.

 

- Annonse -