Fitjar kyrkjekor blir med på temakvelden.

«Gå i fred – ei vandring gjennom liturgien» – er tittelen på temakvelden i Fitjar kyrkje førstkomande torsdag.

Denne kvelden kan ein verta betre kjend med musikk som høyrer til gudstenestelivet, skriv Eli Simonsen i Temakveldgruppa, musikk som vert brukt for dei ulike liturgiske ledda.

I nesten to tusen år har den kristne gudstenesta vorte feira – i vårt eige land i meir enn tusen år. Mykje i gudstenesta har variert med tid og stad og artar seg også ulikt i dag. Likevel kan me kjenna igjen ei trygg ramme uavhengig av dette.

Med temakvelden vil me freista å gje svar på kva rolle nokre av dei liturgiske ledda har i gudstenesta.

Fitjar kyrkjekor vart etablert for tre år sidan. Dei har øvd inn ulik musikk til denne kvelden. Eirin Moldestad Oma vert med på fiolin.

Kantor Jan Overweg skal binda det heile saman til «ei vandring gjennom liturgien», skriv Eli Simonsen, som ønskjer velkomen til ein ny temakveld i kyrkja.