Førstkomande torsdag vert det temakveld i Fitjar kyrkje med Sylvi Levåg. Temaet ho vil ta for seg er «Ver tru mot deg sjølv».

Sylvi, som er sosionom og familieterapeut, vil då fortelja om eigenverd,grenser og personleg fridom.Fokuset vert å sjå kva som kan hjelpa oss til vera fri til å vera oss sjølve.

Sylvi Levåg er oppvaksen i Fitjar, men er no busett i Oslo. Her arbeider ho ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk og har spiseforstyrringar som fordjupning i arbeidet sitt. Ho har skrive to eigne bøker: «Bare litt til – veien ut av spiseforstyrrelsen» og «Makeløs-livet som singel». Sylvi har vidare vore medforfattar av to andre bøker etter dette – og har skrive fleire fagartiklar.

Det vert òg musikalsk innslag. Det tek Elisabeth Moldestad seg av.

– Velkommen til foredrag om eit viktig tema i Fitjar kyrkje! oppmodar Eli Simonsen i arrangørgruppa.