Temagruppa inviterer til konsert med Os Vocalis i Fitjar kyrkje søndag 21. april. 

– Koret vart stifta i 1982 og held til i Os kommune. Dei arrangerer eigne konsertar og syng på oppdrag for bedrifter og foreiningar. Dei deltek regelmessig på konkurransar og songarfestivalar både her heime og i utlandet. I 2008 vann Os Vocalis saman med Stord Conspirito både Gulldiplom og den gjæve Petr Eben-prisen på ein stor korfestival i Praha. Seinare i april dreg dei til Bratislava for å vera med i konkurranse der.

I 2011 ga koret ut CD-en «Take it With me». Denne inneheld korsong frå vår eiga samtid i engelsk språkdrakt. Koret har no fått ny dirigent: Lucius Bader.

I Fitjar vil Os Vocalis framføre songar frå ulike epokar og komponistar..Tekstane er mellom anna skrive av Rolf Jakobsen, Einar Skjæråsen, Olav H Hauge, opplyser Eli Simonsen, som ønskjer velkommen til ei fin korstund i Fitjar kyrkje tidleg kveld, søndag.