Førstkomande torsdag er det ny temakveld i Fitjar Kyrkje. Denne gongen vert me kjent med prest og journalist Olav Vikse.

Han hadde mellom anna mange populære innslag i programmet «Middagsstunden».

-Vikse var på jobb i NRK då livet rasa saman.
Hjerneslag.
Han mista talen, minnet, orda….Sakte, sakte har livet kome tilbake. Ikkje det same livet- men eit anna. Eit liv med sakn av evner som forsvann, men også eit liv med glede over nye mulegheiter…..Kunsten å leva handlar om å leva. Dette vil me høyra meir om i Fitjar kyrkje torsdag 28/10 kl 19.30,  skriv Eli Simonsen i arrangørkomiteen til fitjarposten.no