Fitjarfestivalen startar med temakveld som denne gongen er konsert med Ola Bremnes i Fitjar kyrkje, torsdag kveld. Temagruppa i Fitjar kyrkje er med på denne festivalen for tredje gong. Foto: Øyving Arvola

Tittelen på konserten er: «I flomålet med Ola Bremnes og Petter Dass», og arrangørane skriv mellom anna til fitjarposten.no:                            – Bremnes tidlegare hatt ei flott framføring med dette stoffet på TV. Han er folkeleg og varm, og han har Petter Dass «under huda».

Difor vert songane så nære.

I denne konserten kan me venta oss kystnære songar, mest av hans eigne. Han vil sjølvsagt og syngja «Har du fyr?».

Med seg har han ein av dei beste gitaristane i landet,Terje Nohr Olsen.