Torsdag 21. februar er det temakveld igjen i Fitjar kyrkje. Denne gongen er temaet «Lyden frå prestegarden».

Vår eigen sokneprest og familien hans let oss lytte til nokre av lydane frå heimen deira.

– Det er ikkje fritt for at det vert mykje lyd i prestegarden når alle åtte skal uttrykkja seg. No skal me altså flytta lyden ned i kyrkja, og me er spente .Ikkje alt er typisk «kyrkjelyd». Det blir litt av mykje, noko er kjent og noko har me laga sjølv, seier sokneprest Olav Oma.

– 21. februar får me høyra mykje song og musikk i ulike sjangrar, og dette vert sett saman med tekstar og dikt. Instrumenta er fiolin, gitar og piano – og alderen på dei medverkande spenner frå 7 til 45 år. Dette vert noko for ein kvar smak, og me ønskjer velkommen til nok ein spennande temakveld i kyrkja vår! skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.