-Torsdag 28.januar vert det ny temakveld i Fitjar kyrkje med tema:»Norsk kyrkje på vulkansk jord -kvardag og fest på Lanzarote», opplyser Eli Simonsen til fitjarposten.no

-Hermann og Hildegunn Aadland var tilsette som styrarpar på sjømannskyrkja på Lanzarote frå våren 2005 til hausten 2008. På denne temakvelden vil dei fortelja med ord,bilete og nokre tonar om livet på ei annleis kyrkje på ei annleis øy i eit heilt anna klima………………Nett som på sjømannskyrkja serverer me vaflar og kaffi. Me ønskjer velkommen til ein koseleg og interessant torsdagskveld!!, legg Simonsen til.