Torsdag 26. november kjem lyrikaren og forfattaren Haldis Reigstad til Fitjar kyrkje.

Haldis Reigstad er truleg den mest lesne nolevande lyrikaren i landet vårt. Mange av dikta hennar har gjeve lindring og trøyst til menneske i vanskelege livssituasjonar. 18. november fylte ho 70år, og då passerte det samla opplaget hennar 88 000. I denne samanhengen vart også bok nr.17, «Livsveven», lansert. Boka inneheld 61 dikt og prosatekstar.
 
Fleire av dikta til Haldis Reigstad har funne vegen til komponistar. «Tett ved sida mi går Jesus» er vel den songen som er mest kjend, tonesett av Gunnstein Draugedalen.

Haldis Reigstad har også skrive fleire kantatar.

I 2004 gav ho ut si første diktbok for barn: «Jordbærhagen», der barnebarnet Karina er illustratør .

Tema for torsdagskvelden i Fitjar kyrkje er: «I vandring mot lyset».

Her vil Haldis Reigstad kåsera og lesa eigne dikt. Det vert musikk ved Asle Reigstad og Astrid Prestbø.

Me ønskjer velkommen til ei fin stund i  kyrkja !!