Torsdag 25. oktober er det klart for ny temakveld i Fitjar kyrkje. Denne gongen med Fitjar ad hoc med fleire som inviterer til Lindeman-kveld.

På denne temakvelden vil Lindeman sine kjende og kjære salmemelodiar verta presentert gjennom solosong, jazz, salmesong og forteljing. Fitjar Ad Hoc har særs dyktige musikarar, og dei er alle aktive i kulturlivet i Fitjar. 
 
– Programmet er svært variert med aktørar som Gurid Refvik, Martin Hatlevik, Svein Tørnquist og Olav Oma. Me ønskjer velkommen til ein fin kveld i Fitjar kyrkje! skriv arrangørane.