Det har vore mange flotte temakveldar i kyrkja denne våren. Førstkomande onsdag kjem Egil Svartdahl.

Sidan temakveldane oftast har vore på torsdagar, kan det vere greitt å presisere at det denne gongen er snakk om onsdag 18. april. Temaet til Svartdahl er «En smak av himmel».

Egil Svartdahl har gjennom tjue år reist rundt for å snakke med vanlege folk om deira tru og tvil. Samtalane har blitt til ei rekkje populære tv-program. Med utgangspunkt i boka» Nærbilete» vil han denne kvelden fortelje si eiga historie. Han tek opp tema som tilgjeving, truskap, von, forsoning og kjærleik.

Han viser til kva desse orda tyder for han sjølv og for ulike menneske han har møtt, og korleis dei kan hjelpe oss vidare i våre liv.

Svartdahl er pastor og predikant. Han er ein av Noregs beste kommunikatorar, og han fekk Petter Dass-prisen i 1995, Medierosen i 2005 og Økumenikkprisen i 2011.
 
Denne kvelden har Svartdahl med seg musikarane Arild Stav og Svein Skulstad på saksofon og gitar. Desse har spelt saman i ei rekkje samanhangar; dei har spelt inn sine eigne soloplater, og i haust ga dei ut sitt første album saman: «Contemplation».

– Kvelden vert sydd saman med musikk og bilete til ettertanke, von og trøyst, seier Eli Simonsen i Temakveld-komiteen. Ho
ønskjer velkommen til ein spennande kveld!