Torsdag 27.august kjem psykiater Bjarte Stubhaug til Fitjar kyrkje. Han vil snakka om temaet  «Sjelekval og sinnsro – om kjenslevare og psykiske plagar. -Korleis møte menneske med nerver?»

Bjarte Stubhaug er fødd i 1956 og er oppvaksen på Fitjar. Han tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen 1981 og vart spesialist i psykiatri i 1988. Tidlegare arbeidd ved Valen sjukehus, Stord sjukehus, Haugesund sjukehus og frå 2004 ved Haukeland der har han arbeidd ved Universitets-sjukehuset som avd.sjef/fagsjef Psykiatrisk divisjon.

Frå juni -08 har han hatt avtalepraksis i psykiatri ved Frihamnsenteret i Skånevik, ein jobb han overtok etter Hans Olav Tungesvik.

I 2008 tok Bjarte Stubhaug doktorgrad i medisin vedr. kronisk utmattingssyndrom;helseplagar, behandling og prognose.
 
Vidare har han skrive boka «Når livet røyner på» og vore spesialist i tidsskriftet Psykisk helse og aktiv bidragsytar i folkeopplysning om kropp og sjel.
 
På temakvelden deltek også ein annan utflytta fitjarbu, Irene Simonsen, på piano.

Me ønskjer alle velkommen til Fitjar Kyrkje torsdag kveld.