Temaet denne kvelden er  “ I den stilla aftonstund”.. Då vil Bremnes kantori framføra songar og salmar som tek utgangspunkt i dette temaet. Eli N.Simonsen les tekstar frå Bibelen og frå ulike forfattarar.  Det vil også bli allsong.

Bremnes kantori vart stifta ein vinterdag i 1989.  Sidan startan har kantor Jostein Molde hatt det faglege ansvaret og dirigert koret.  Medlemstalet har gjennom alle år lege nokså stabilt på 35-40, med god fordeling på stemmegruppene.  I 2009 har koret nær 50 medlemmer.

Koret er ein berebjelke i det kyrkjemusikalske arbeidet i Bremnes sokn.  Gudstenestelivet har alltid stått øvst på prioriteringslista, og gjennom åra er mykje vorte tilført på dette området.  I tillegg har alltid koret hatt større og mindre oppgåver og prosjekt å arbeide fram mot.  Her kan nevnast mange rike salmekveldar, ofte med ein kjend salmediktar til stades. 

Vidare er lista over eigne konsertar lang.  Ei rekkje tematiske program og større verk er blitt framførte, svært ofte saman med solistar og musikarar.  Ikkje reint sjeldan vert koret invitert til å medverke ved ulike andre arrangement i nærmiljøet.

Vi ynskjer vel møtt til temakvelden!