Førre helg var det temadagar om kystgard og kystlynghei på Eggøy i Fitjarøyane.

Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor fortel at 13 personar var samla på Eggøy fredag 4. og laurdag 5. april. Fokus for samlinga var bruk og skjøtsel av kystgard og kystlynghei.

I løpet av dei to dagne blei det både praktisk deltaking og teoretisk gjennomgang av sviing av kystlynghei, hogst av gran, rydding av kulturbeite og lyngbeite, lokal bruk av sitkagran. Her blei det mellom anna fokusert på sauen som landskapspleiar og sauebonden som entreprenør, og bruk av gjetarhund og vaktarhund. Samlinga var kunnskapsdeling, der brukarar frå Stordøya og representantar frå Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor deltok.

Instruktør for lyngsviinga var John Inge Vik. Han gjekk gjennom opplegget teoretisk og demonstrerte kontroll av eld før han sette fyr. Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor presiserer at dette ikkje er for amatørar. Det er ikkje berre å «fyra laus»; ein må vita kva ein gjer, slik at ikkje elden kjem ut av kontroll.

For å halda sitkagran og annan vegetasjon i sjakk er det nødvendig å ha beitedyr gåande på kystlyngheia. Jeanette Jonhsen ved landbruks- og miljøkontoret orienterte om bruk av beitedyr i landskapspleie, og bruk av gjetarhund. Ole Kristian Trondsen og Tormod Båtstad orienterte om kvalitet på trevirke frå sitkagran. Deltakarane delte erfaringane sine med lokal bruk av sitkagran til restaurering av bygg på kystgarden.
 
Laurdag demonstrerte Ole Kristian Trondsen bruk av motorsag og ryddesag i arbeid med restaurering av kulturlandskapet på kystgarden. Opphaldet på Eggøy blei avslutta med ein rundtur og synfaring av lynghei i fleire stadium, frå attgrodd område med gamal lyng, til nysvidd lyng og lyng i etableringsfasen.

Aase Nøttveit fortel at det var ei svært positivt og lærerik samling. Deltakarane uttrykte ønskje om å gjera temadag om kystgard og kystlynghei til ei årleg hending, men dei vil ha samlingar på forskjellige kystgardar og øyar.