For ei tid tilbake var 19 personar samla på Torsdagsøy i Fitjarøyane. Felles for dei er interessa for skjøtsel av lyngbeite og kystgard. Nokon nytta invitasjonen til å overnatte på Torsdagsøy og fekk med seg marksvandring  laurdag, fortel fagkonsulent i landbruk og miljø Aase Rygg H. Nøttveit til fitjarposten.no. Ho har òg teke biletet ovanfor.

Nøttveit  fortel kjapt vidare at ein satser på at det vert ny samling i 2016 på ein av Fitjar sine andre spennande kystgardar.

Grunna ikkje heilt god vêrmelding vart programmet utsett til kl.13.00 på fredagen.

-Etter kort planlegging, og under instruering av John Inge Vik, prøvde me å svi lyng. Konklusjonen var at det ikkje var tørt nok til å få vellykka sviing, fortel Nøttveit vidare, og listar opp nokre av dei andre elementa i programmet:

  • Markvandring med fokus på innmark og bygningar.
  • Rydding og brenning av brakje bl.a som brannførebyggjande tiltak.
  • Samling i stova med evaluering av sviingsøkt
  • Historier frå Torsdagsøy og Eggøy
  • Kystlynghei lokalt og globalt
  • Utfordringar med kongeørn og forvaltning
  • Festmåltid med lubbesild frå Brandasund og heimelaga rømmegraut

-Dei som overnatta på Torsdagsøy fekk med seg laurdagens markvandring som gjekk gjennom steingard, forbi murar etter uthus og vidare gjennom velskjøtta lyngbeite. På turen fekk me sjå både sau, sel og havørn, seier Aase Rygg H. Nøttveit, til slutt.