Komande helg blir det skipa temadagar om kystgard og kystlynghei på Torsdagsøy i Fitjarøyane.

Aase Nøttveit i Fitjar kommune fortel at det vil gå båt frå Larsenkaien i Fitjar sentrum til Torsdagsøy fredag ettermiddag. Om kvelden vil det bli vandring rundt på kystgarden, orientering om kystlynghei ved Aase Nøttveit og om sauen som kulturlandskapspleiar ved John Inge Vik. Kultursjef Bente Bjelland vil orientera om kulturminneplanen for Fitjar kommune.

Kvelden blir avslutta med at Turid Bjordal fortel historier frå Eggøy, med faren, Kristoffer Eggøy, som kjelde. Det vil gå båt tilbake til Fitjar sentrum fredag kveld, men det er og tilbod om enkel overnatting på Torsdagsøy. Dermed blir det høve til å vera med på delar av opplegget for dei som ikkje har høve til å vera med på alt.

Laurdag blir det planlegging av sviing og praktisk sviing ved John Inge Vik. 

Påmelding og nærmare opplysningar får du hos Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, ved Aase Nøttveit, på e-post asno@fitjar.kommune.no eller tlf. 53 45 85 00. Ho oppmodar interesserte om å ta kontakt med henne på jobb.