«I begynnelsen var Ordet» er tittelen på neste temakveld i Fitjar kyrkje. Ein kveld der forskjellige kunstformer møtest rundt dette temaet.

– «I begynnelsen var Ordet» er ei framsyning der utdrag frå Johannesevangeliet vert formidla gjennom forteljarkunst, dramatiske innslag, enkle symbolhandlingar og gitarmusikk, fortel Eli Simonsen til fitjarposten.no, og fortset:

– Tekstane er henta frå den nye omsetjinga av Bibelen til Det Norske Bibelselskap.

Aktørane er Ulla Käll og Birgitte Bjørnstad Sæbø.

Ulla Käll er kjent gjennom mange retreater, Taize-gudstenester og gjennom kveldsopplegget «Smak av retreat» som ho har reist rundt med i store delar av landet. Ho er gitarist og jobbar ved kulturskulen i Fredrikstad.

Birgitte Bjørnstad Sæbø er kjent for mange som forteljar, musikar og kurshaldar innan forteljing og tekstformidling. I 2006 fekk ho Emmausprisen for boka «Dei store orda». Ho jobbar deltid på praktikum på MF.