Bibelinspirator Anne Kristin Aasmundtveit, tenor Aasmund Kaldestad og pianist Irene Simonsen står for programmet når det vert invitert til temakveld i Fitjar kyrkje med tema: Kjærleik.

Bibelinspirator Anne Kristin Aasmundtveit vil fortelja Høgsongen og knyta denne opp mot sitt eige liv. Aasmundtveit er utdanna lærar i musikk og har hovudfag i litteraturvitskap. Ho har jobba som forlagsredaktør i Verbum forlag i 15 år. I tillegg har ho vore litteraturkritikar og forteljar. No er ho redaktør i Bibelselskapet og forfattar av fleire bøker.

Tenoren Aasmund Kaldestad kjem frå Stord. I sju år var han medlem av vokalgruppa Nordic Tenors. Han jobbar no som frilans songar og har fleire prosjekt gåande, mellom anna gruppa Tenorane som hausta strålande kritikkar for sine julekonsertar i desember 2011. Han jobbar no med sitt første soloalbum med planlagt utgjeving hausten 2012 under artistnamnet Merlin.

Pianist Irene Simonsen kjem frå Fitjar og har si musikkutdanning frå Griegakademiet i Bergen. Ho likar å jobba med ulike musikalske uttrykk og har hatt oppdrag for til dømes Bergen Filharmoniske orkester og kor, Den Nye Opera (Bergen), Bømlo Musikallaug og Haugesund teater. Under temakvelden torsdag kveld denne veka vil både tenoren og pianisten framføra variert musikk knytt til temaet kjærleik.