Revyteltet ved Fitjar Fjordhotell, som skal vere mattelt under Fitjarfestivalen, vert i dag flytta av ein flott dugnadsgjeng.

Karane som har i oppgåve å flytte teltet til Sjøsio, og etter festivalen flytte det tilbake igjen, var i gong med arbeidet med å demontere teltet då Fitjarposten var innom rundt kl 16.00 i ettermiddag. Då var borda allereie slått saman.

-Me vonar å bli mellom 20 og 30 på denne jobben, seier Trond Gerhardsen, som er leiar for denne gjengen, til fitjarposten.no.

Kva for mat du kan få kjøpe i teltet når salet startar opp i morgon ettermiddag, har fitjarposten.no allereie skrive fleire artiklar om.
Du finn dei om du skrollar nedover på sida.

Mykje god, kortreist lokalmat skal det i alle høve bli.

Ingressbilete: Noko av dugnadsgjengen: F.v. Reidar Kloster, Trond Gerdhardsen, Kjetil Lønning med son og Lars J. Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt