Det er ikkje mangel på fin campingplass i bygda vår, men ikkje alle slår leir der.

Ein bonde i Øvrebygda fekk telefon her ein dag med beskjed om at nokon hadde sett opp telt midt i enga. Det høyrest utruleg ut for håslåtten var ennå ikkje unnagjort.Ingen bil eller sykkel gav peikepinn om at det var folk ved teltet. Då bonden kom køyrande med traktor i nærleiken, steig det ut ei ung dame. Ho fortalde at ho kom frå Frankrike, men snakka godt engelsk. Dama var på fottur frå Bergen til Stavanger, og no ville ho overnatte til neste dag. Bonden laut seie at det var ikkje lov å telte midt på slåttemarka. Litt seinare var teltet borte og nokon såg det plassert på eit anna jorde der graset var slege. Dette måtte då vere ei modig, ung dame, tenkte me, utan å vite noko meir om henne. No er ho sikkert komen til Stavanger.