Teljinga er for lengst i gang i kommunestyresalen. Valurnene er komne inn i frå alle krinsane, og manntalet stemmer med setlane.

Resultatet skal vi ikkje våge oss på enno, men etter det fitjarposten erfarer, vil nok den nasjonale valvinden som har gjeve både Arbeidarpartiet og ikkje minst Høgre eit løft, slå ut i Fitjar òg.

Ordførarkandidatane er sjølve med og tel, administrert av ordføraren, og om rundt ein time er kanskje resultatet klart.