Våren kom uvanleg seint i år, og framleis er det tele i jorda i Fitjar.

At våren kom seint i år, er alle samde om. Uvanleg stabilt, kaldt ver med nattefrost i mars og langt ut i april gjorde at isen låg svært lenge på vatna våre. Men at det framleis er tele i jorda i dag, 30. mai, kom som eit aldri så lite sjokk på oss.

For Ole Vidar Helland, derimot, er det ikkje noko sjokk. Han har drive nydyrking med gravemaskin for naboen sin på Rydland dei siste vekene, og har møtt på tele i jorda kvar dag i det siste. Då me var oppom i dag, var telen enkelte stader rundt 10 cm tjukk, under ein liten halvmeter med jord.

Me må vel kunna slå fast at det er ein aldri så liten sensasjon på våre kantar å gå inn i juni månad med tele i jorda.