Til helga kan du benka deg med vindauga og telja fuglar i årets Hagefuglteljing. – Den perfekte familieaktiviteten medan koronapandemien enno herjar?
For 14. gong arrangerer Norsk Ornitologisk Foreining Hagefuglteljinga. I fjor vart det rapportert inn nesten ein halv million fuglar frå 10.000 fôringsplassar, og NOF håpar at enno fleire hiv seg på teljinga i år.
– Me ser at fleire har mata hagefuglane sidan dei har vore meir heima under pandemien, og NOF har fått fleire medlemmar. Me håpar at me ser dette att i årets rapportering, fortel NOF.

Tjuvstarta
I år er teljinga allereie i gong. Den starta på laurdag, og varer fram til 7.februar. Dette er for at barnehagar og skular skal få sjansen til å vera med på teljinga.
– Målet med Hagefuglteljinga er å skapa interesse og auka kunnskapen om fuglar og natur, samt visa at fuglefôring er ein underhaldande og lærerik aktivitet, skriv NOF.
Om du ynskjer å delta finn du meir informasjon her.