Ei busslass me bunads- og veveinteresserte amerikanarar var innom Årskog museum fredag ettermiddag. Dei fekk både omvising i gamlehuset og i tekstilkjellaren, der Hilma Lønning stod klar med oppstadveven.

Etter å ha sulla vekk mykje tid på vegnettet på Heiane kom gjengen fram til Fitjar og Årskog museum, ein time forsinka. I gamlehuset vart dei møtt av den engasjerte konservatoren frå Sunnhordland folkemuseum: Tore Lande Moe. På ein humoristisk og lettfatteleg måte tok han, med utgangspunkt i det gamle huset frå 1800-talet,  amerikanarane med tilbake til livet på Fitjar for nokre hundre år sidan. Det var ei lydhøyr og interessert forsamling som stilte mange spørsmål og som knipsa i veg med dyre kamera og lange linser.

I tekstilkjellaren var det Marion Casey, frå Sunnhordland museum, som stod for praten. Hilma Lønning, som aldri takkar nei til å veva litt på oppstadveven, snakkar ikkje engelsk og ville helst berre veva. Marion fortel om dei to Årskogbrørne, Lars og Olai Årskog, som eigde garden, om kjolane dei brukte då dei var små og alle dei andre unike tekstilane frå Årskog som ein kan sjå i museumslokalet i barnehagekjellaren. Turistane viste stor interesse for bunadane, dei broderte bukseselane og resten av kleda og tekstilane, men aller mest interessant var det å fylgja med på Hilma som stod på krakken og vevde på oppstadveven. Det er kjekt å syna fram vevinga til folk som er så interesserte som desse, eg skulle berre ha kunna snakka engelsk, seier Hilma, som har lært den gamle teknikken frå Berta Liarbø som igjen lærde den frå mor si. Oppstadveving er ein gamal teknikk som ein nytta før flatveven kom, og er ein metode som går fleire tusen år tilbake i tid. Den opprettståande vevstolen består av to sidestøtter som står lent mot ein vegg. Øvst er det ein horisontal tøybom. Renninga er festa i bommen, heng nedover og vert stramma opp av spesielle steinar som heng ned mot golvet. Den som vever står heile tida, og ein startar oppe og jobbar seg nedover. Turistane fekk både sjå og prøva den gamle teknikken, som har vorten halden i hevd på Fitjar i uttalllige generasjonar.

Turen med namn  Vesterheim Textile Tour vert arrangert av Vesterheim  Norwegian – American museum i Iowa og er ein 13 dagars tur til Island og Noreg. Turdeltakarane kjem frå ulike statar i USA og har i tillegg til norsk reiseleiar og med seg nokre norske vevlærarar.

I følgje amerikanarane vart det veldig «crowded» på museet, og fleire kunne tenkt seg å kikka rundt endå meir, vevd meir eller prata endå meir med oppstadvevaren, på trass av at ho ikkje forstod kva dei sa, men programmet var hardt og turen gjekk snart vidare til Bergen der dei  dei neste dagane skal delta på veve- og strikkekurs. Ein del av turfølgjet, som kjem frå ulike statar i USA, samla på leikeplassen i Årskog barnehage.