Det såg så leikande lett ut då dei tok idrettsmerke i kveld.

Både kvinner og menn møtte opp på idrettsbanen for å prøve seg på merketaking. Gerd Myrmel Træet og Mari Valborg Træet greidde krava i stille lengde på andre forsøk. Seinare var det full fart på 60 meteren, og dei sprang berre ein gong, så var den og i boks. Damene la ut om kor kjekt det er å prøve seg til idrettsmerke. Gerd gjer det for 22. gong, medan Mari har halde på halvparten så lenge. Dei må greie krava i fleire greiner, men det kan gjerast over tid.

Fire menn sprang 3000 meter med godt resultat, Tormod Bergesen, Rolf Vik, Øyvind Skålevik og Rolf Atle Rolfsnes. Like etterpå var det start på 60 meteren, og dei greidde krava med god margin. Steinar Aarskog var tidtakar og noterte resultat, og han var med i heiagjengen.

Kvar fredag i juni og september er det høve til å prøve seg på idrettsmerke, fortalde Øyvind Skålevik. Utan tvil spreke folk dei me møtte i kveld, og dei er ikkje åleine. Svært mange tek idrettsmerke her i bygda, sa Gerd.