Seks skogsinteresserte ungdomar har fått innføring i stell og bruk av motorsag denne helga.

Motorsagdur høyrdest godt i skogen til Lars Dalen. Ove Gjerde arrangerte kurset Aktiv Skogbruk i lag med instruktør Eivind Lien frå Ølen. Heilt sidan 1980 har det blitt halde slike kurs 2 – 3 gonger i året i regi av Fitjar Austevoll Skogeigarlag.

Kurset starta fredag ettermiddag i sløydsalen på Rimbareid skule. Då fekk ungdomane teoretisk innføring i bruk av motorsag og tilhøyrande utstyr. Dei møtte opp med kvar si sag, verktøy og sjølvsagt fullt verneutstyr. I kursopplegget vert det lagt stor vekt på tryggleik ved bruk av motorsag. Instruktøren demonstrerte ei heilt ny sag med sikkerhetsbrems på gasshandtaket. Denne kjem snart i handelen. Saga er sjølvsagt miljøvenleg i bruk, med vegetabilsk olje til sagkjedet og ferdigblanda miljøbensin.

Dagen etter skulle lærdomen utprøvast i skogen. Eivind Lien viste korleis eit tre skal fellast og mange viktige detaljar må takast omsyn til for å unngå ulykker. Gutane fekk prøve seg og Lien gav rettleiing etter kvart.  Kven av oss «vanlege» veit kva felleskår og brytekant er? Sistnemnde vert kalla treets hengsle og er avgjerande for sikkerheten slik at ein har kontroll på fallretninga til treet.

Dei seks gutane i alderen 15–17 år var godt nøgde med kursdagane. Ein av dei meinte det var kjekkast å lære om stell av motorsag. No gler dei seg til å øve på felling av tre på eiga hand. Og så vil det kanskje bli spurnad etter meir kurs seinare.

Gjerde og Lien let vel over ein flokk med kjekke og lærevillige gutar. Dei fleste av desse har tllknytting til skog på heimegarden.