På grunn av tekniske problem kom ikkje Oliver André Matre til mål i siste innleiingsheatet i Landsfinalen i bilcross i helga.

Dermed blei det ingen sportsleg suksess for Oliver på Bollandsmoen Motorbane laurdag. Det var her NMK Melhus arrangerte Landsfinalen i bilcross for junior denne helga, på Ler i Melhus kommune i Sør-Trøndelag.

Laurdagens løp begynte ganske bra for Oliver, med andreplass i første innleiingsheatet. I neste heat heldt det på å gå endå betre. Han fekk ein kjempestart, og leia løpet heilt til siste runden, men tapte topplassen då han køyrde i alternativsporet. I siste kvalifiseringsheatet kom Olive dårleg ut, og til slutt måtte han bryta, då eit stag til den eine forgassaren losna.

Det blei altså ingen sportsleg suksess for Oliver i Sør-Trøndelag, men han seier seg likevel bra fornøgd med turen. Ikkje fordi han enda på 66.-plass til slutt, men fordi han fekk VW-bobla si med seg heim. Etter løpet blei det nemleg lagt inn heile 32 bod på bilen hans. Slik er nemleg reglane i bilcross. Etter løpet kan kven som vil leggja inn bod – alle på 9000 kr –  på løpsbilane, og på storløp som landsfianlen kjem det gjerne mange som vil sjå seg om etter ein god bil. Sjølv la Oliver inn fire bod for å vera med i trekninga, og han var heldig og fekk behalda bilen på sitt eige bod.

Dermed fekk Oliver bobla med seg heim, og med gasstaget på plass, er både guten og bilen meir enn klare til topp innsats i Vikedal om tre veker. Han er heilt klar på ambisjonane: – Då skal eg vinna!