I dag har bilane til Mari Koløen Lønning og fem andre førarar i Fitjar Racing Team passert årskontrollen, og dermed er dei i rute til sesongstart.

For å få lov til å delta motorsport må bilen vera i forskriftsmessig stand, etter reglane til Norges Bilsport Forbund. Autorisert kontrollør i området vårt er Lars Reidar Frøyland frå Tysvær, og søndag ettermiddag gjekk han gjennom seks løpsbilar på Rydland.


Kontrollør Lars Reidar Frøyand overlet ingen ting til tilfeldighetene når han sjekkar at bilen er i den stand som krevst for å starta i konkurranse. Foto: Kjetil Rydland.

I løpet av søndagen gjekk Lars Reidar Frøyland gjennom fem bilcrossbilar og rallycrossvolvoen til Paul Vik. Det er sjølvsagt viktig at bilane toler ein støyt, og dersom ein er i tvil om det er godt nok, er det vanlegvis ikkje det, seier Sigurd André Maraas i racingteamet.

Derfor må ei rekkje punkt oppfyllast for at bilen skal bli godkjend. Motoren skal gå slik at nødstopp kan sjekkast; ein bil som ikkje startar heime, gjer det ikkje nødvendigvis på løp heller. Det skal ikkje førekomma lekkasjar av bensin, olje eller eksos, og feste til bensintank, batteri, skliplater, sete, selar, leidningar, røyr og slangar blir sjekka grundig. Bilen skal vera retta og måla og reingjort utvendig og innvendig, og rustskadar må sveisast. Bremser, bremselys må og vere på plass, og understellsnummert skal vera lesbart.

Enkelte av Fitjar-bilane var ikkje klare for årskontrollen, og dei må til Vikedal eller Tysvær for å bli kontrollerte. Men dei som stilte på årskontrollen på Rydland i dag, hadde gjort ein god jobb på førehand. Lars Reidar Frøyland var tydelig på at det hadde vore høg kvalitet på arbeidet med bilane i vinter, og fann lite og ingenting å setja den veltrente fingeren sin på. Og sjokoladekaka i klubblokalet til racingteamet fall i smak!

 
Gisle Aarbø og Håvard Dalen ser litt spent på Lars Reidar Frøyland, heilt til venstre, men kontrolløren ser ut til å vera bra fornøgd med det han har sett så langt. Foto: Kjetil Rydland.